Denne hausten er velsigna med ein ny grafisk roman av teiknaren og forfattaren Steffen Kverneland, som denne gong har stappa forfattaren Ragnar Hovland i bilen for å legge ut på ein gonzojournalistisk kunstreise. Denne kvelden svinger dei innom Litteraturhuset for å gje oss deira Astrup!
Det var i dei dagar Steffen Kverneland og Ragnar Hovland drog til Jølster for å gjere research til ein ny og grensesprengande Astrup-biografi. Mykje var allereie blitt skrive om livet til den store kunstnaren, men kanskje ikkje om Gassen? Eller den djevelske haren? Og kor grundig hadde eigentleg det store stipendrøveriet til Ludvig Karsten blitt behandla? Ragnar og Steffen vil no kaste eit revolusjonerande lys over den store kunstnaren. Men dei kan jo ikkje berre jobbe. Dei må ete og ikkje minst drikke også.