Tilbake til alle arrangementer

Emosjonsbasert energipolitikk?

Forskingsprosjektetet Energy Lives! ved Universitetet i Stavanger inviterer til ein samtale om kjensler i energiomstilling med Helena Nynäs, Aslak Sira Myhre, og Monica Dahlmo.

Norsk energipolitikk er basert på prognosar om stadig veksande energiforbruk, på visjonarom framtidas endelause energikjelder, og på narrativ om teknologiske framsteg og nasjonal forsyningstryggleik. Men det å sjå på varme, elektrisitet, tryggleik som eit spørsmål om rasjonelle politiske avgjerder, misser at energiproduksjon og -forbruk er tett knyte opp til personlege erfaringar og kulturelle praksisar. Så kva er det eigentleg me bygger avgjerder om våre framtidige energisystem på? Kva erfaringar - og kven sine - definerast som relevante, ansvarlege og saklege? Kva rolle har borgarane sine forhold til og daglege vaner kring energi i den grøne omstillinga?

I denne samtalen inviterer me til ein diskusjon om kva som skjer med energipolitikken vår om me tar omsyn til samfunnets erfaringar av og kjensler kring energiproduksjon og -bruk. Kva slags energipolitikk får me om me sluttar å late som om at kjensler ikkje spelar ei rolle? Og kva kan me lære av historiske energiomstillingar for energipolitikken i notida og i framtida?

Helena Nynäs, kulturminnerådgjevar i NVE

Aslak Sira Myhre, konserndirektør i Lyse

Monica Dahlmo, landbruksdirektør i Statsforvaltaren i Rogaland

Melina Antonia Buns, fyrsteamanuensis i historie ved Universitetet i Stavanger og prosjektleiar av Energy Lives! (ordstyrar)

Dørene opnar kl. 18:00. Samtalen startar kl. 18:30.

Samtalen er organisert av det internasjonale forskingsprosjektet Energy Lives! ved Universitetet i Stavanger, finansiert av NordForsk. Dette er eit av to samfunnsretta arrangementet, som prosjektet held på Litteraturhuset i siste veke av mars for å belyse minner, kjensler og erfaringar med historiske energiomstillingar.

Forrige
Forrige
24. mars

Open Mic Poesi - Mars

Neste
Neste
26. mars

Elefanten Filmklubb: Annie Hall (1977)