Kva prestasjonar ligg bak årets nobelprisar? Kva betyr innsatsen, teoriane, formidlinga og resultata for deg og meg? Forskarar frå Universitetet i Stavanger og Stavanger universitetssjukehus svarar når vi inviterer til Nobel-arrangement.
Nobelprisane blir delt ut i Stockholm og Oslo på Alfred Nobels dødsdag onsdag 10. desember. Kvelden før inviterer Universitetet i Stavanger saman med Litteraturhuset i Stavanger til eit Nobel-arrangement.
Her stiller seks dyktige fagekspertar frå UiS og SUS opp for å presentere prisvinnarane og forklare oppdagingane og bidraga som vert feira. Og det på ein måte som gjer at vi som ikkje har inngåande kunnskap om temaet, kan forstå.
Kvar paneldeltakar har 10 minutt på å gjere oss klokare på dei ulike prisvinnarane og prestasjonane deira. Journalist og programleiar Guttorm Andreasen er vert for kvelden.
Nobel Prize Winners 2025
Fysikk: John Clarke (UK/USA), Michel H. Devoret (Frankrike/USA), og John M. Martinis (USA)
Kjemi: Susumu Kitagawa (Japan), Richard Robson (UK/Australia), og Omar M. Yaghi (Jordan/USA)
Medisin: Mary E. Brunkow (USA), Fred Ramsdell (USA), og Shimon Sakaguchi (Japan)
Fredspris: Maria Corina Machado (Venezuela)
Litteratur: László Krasznahorkai (Ungarn)
Økonomi: Joel Mokyr (Netherlands/Israel/USA), Philippe Aghion (Frankrike/UK), og Peter Howitt (Canada/USA)
Presenters of the various prizes:
Fysikk: Aleksi Kurkela, førsteamanuensis i fysikk ved Institutt for matematikk og fysikk
Kjemi: Sachin Maruti Chavan, førsteamanuensis i kjemi ved Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi
Medisin: Jens Vikse, universitetslektor II på UiS, overlege og spesialist i revmatologi
Litteratur: Brita Strand Rangnes, førstelektor i engelsk litteratur
Økonomi: Silje Haus-Reve, professor for innovasjon og regionale studier
Fredspris: Blir snarlig annonsert
Arrangementet er gratis og åpent for alle!
Arrangør, initiativ og konsept: Mark van der Giezen, professor i biologisk kjemi ved Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi – med støtte fra Forskningsavdelingen og Avdelingen for kommunikasjon og samfunnskontakt ved Universitetet i Stavanger, i samarbeid med Litteraturhuset i Stavanger.