Kva prestasjonar ligg bak årets nobelprisar? Kva betyr innsatsen, teoriane, formidlinga og resultata for deg og meg? Forskarar frå Universitetet i Stavanger når vi inviterer til Nobel-arrangement.
Nobelprisane blir delt ut i Stockholm og Oslo på Alfred Nobels dødsdag onsdag 10. desember. Kvelden før inviterer Universitetet i Stavanger saman med Litteraturhuset i Stavanger til eit arrangement kor seks dyktige fagekspertar presentere prisvinnarane og forklarar oppdagingane som ligg bak prisane. Målet er å forklare det så godt at folk som ikkje har inngåande kunnskap om forskinga, kan forstå.
Kvar paneldeltakar har 10 minutt på å gjere oss klokare på dei ulike prisvinnarane og prestasjonane deira. Programleiar David Sviland er vert for kvelden.
Program og fagekspertar
Nobelprisvinnarar 2026:
Medisin: Karl Deisseroth (USA), Peter Hegemann (Tyskland), og Georg Nagel (Tyskland)
Fysikk: Francis Halzen (Belgia)
Litteratur: Anne Carson (Canada)
Kjemi: Henri B. Kagan (Frankrike) og Kenso Soai (Japan)
Økonomi: Robert E. Hall (USA), Michael Woodford (USA)
Fredspris: Navi Pillay (Sør-Afrika)
Prisane presenteres av:
Medisin: Hanne Røland Hagland, førsteamanuensis i biomedisin ved UiS
Fysikk*: Aleksi Kurkela, professor i fysikk ved UiS
Litteratur: Janne Stigen Drangsholt, professor i engelsk litteratur ved UiS
Kjemi*: Jelena Popovic-Neuber, professor i kjemi ved UiS
Økonomi: Klaus Mohn, professor i samfunnsøkonomi og rektor ved UiS
Fredspris: Ola Johan Settem, professor i rettsvitenskap ved UiS
* Prisane innan fysikk og kjemi vert presentert på engelsk.
Arrangør: Forskarar i samarbeid med Forskingsavdelinga (UiS), Universitetsbiblioteket (UiS), Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt (UiS) og Litteraturhuset i Stavanger.
Idé og initiativtakar: Mark van der Giezen, professor i biologisk kjemi ved Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi