Arrangør: Norsk faglitterær- og oversetterforening (NFFO)
21 år gammal gjekk ho aleine til Sørpolen
Karen Kyllesø er den yngste nokon gong som har gått aleine til Sørpolen. I boka Heilt aleine. 54 dagar på tur over Sørpolen skriv ho sjølv om kvifor ho drog, korleis ho førebudde seg, og korleis det gjekk.
Kva fekk ho til å leggje ut på ei så lang, einsam reise til det kaldaste og mest isolerte kontinentet på kloden? Og korleis var det å skrive bok om opplevinga i etterkant?
I si personlege forteljing gir Kyllesø svaret på korleis ho klarte å gå dei 1130 kilometrane inn til Sørpolen, trass i hælsmerter, frostskadar og for lite mat – og kva ho tenkte på undervegs.
I ei bokmelding i Stavanger Aftenblad fekk Kyllesø terningkast 5-er av meldar Tom Hetland. Han var i utgangspunktet litt skeptisk til bokprosjektet. «Ein ting er å gå, noko anna å skriva,» kommenterer Hetland. Men han endar med å meine at ho på usentimentalt, direkte og jordnært vis gir «det mest ærlege og autentiske biletet av kva ei polferd eigentleg handlar om, og kva eigenskapar som krevst.»
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, NFFO, i Rogaland har invitert Tom Hetland til å samtale med Karen Kyllesø om boka i ein Prosalong.
Vel møtt!