Tilbake til alle arrangementer

Skeiv Mamma og Streit Ikkje-mor

- to nittitalshardingar pratar om familiekonstellasjonar –

I 1996 var Heidi Marie Vestrheim og Brit Aksnes russ på Øystese gymnas i Hardanger. Vestrheim hadde akkurat kome ut som lesbisk, Aksnes hadde mannekjærast. Korleis kom framtida til å sjå ut med tanke på familie?

Kjernefamilien, mor-far-barn, har rådd lenge. Men om ein ser tilbake i tid så er ikkje mine, dine, våre barn eit nytt fenomen. Det å velja bort barn er derimot relativt nytt, som Aksnes skriv om i boka Barnfri – ei bok om å ikkje bli mor, som nyleg kom ut. Det same er at homofile og lesbiske kan bli foreldre. Eller at einslege kvinner kan få støtte av staten til å få barn, noko fleire og fleire gjer.  

Kva rollemodellar hadde Vestrheim og Aksnes då dei vaks opp? Kvifor har dei skrive om å ikkje bli mor og om ein tolvårig jente som forelskar seg i andre jenter? I litteraturen fanst få bøker for jentungar som Heidi Marie, noko ho gjer noko med i serien om Jenny Fender. Bøkene Aksnes las, som Anne fra Bjørkely og Heidi på fjellet, dreia seg heller om ungar utan foreldre enn foreldre utan ungar. Som ung vaksen fanst det få norske bøker om å ikkje få barn.

Kvelden byr på tilbakeblikk såvel som blikk mot notid og framtid. Korleis såg dei for seg vaksenlivet? Var familie del av planen? Blei det som dei trudde? Og kva fellesnemnarar har møtt dei i sine livsval?

Forrige
Forrige
30. november

Silent Bookclub // Stille bokklubb: November

Neste
Neste
6. desember

Julemarked