Foto: Stig Håvard Dirdal
Kva skjer i rommet mellom menneske når ei forteljing tek form? Teateret er både ein del av verda og eit avbrot frå den same verda. Teaterframsyningar spring ut av levde liv, konfliktar, draumar og erfaringar, og kjem tilbake til oss som publikummarar som opplevingar og kanskje nye perspektiv. I spenningsfeltet mellom kunst og kvardag ligg eit særskilt potensial: moglegheita til å skapa møte, utfordra etablerte forteljingar og opna rom for nye måtar å vera saman på.
Seminaret inviterer til ei utforsking av teateret som sosial kraft. Vi undersøker teateret som sosial praksis, som møteplass og som handling. Kva skjer når teater ikkje berre er noko vi ser på, men noko vi gjer i lag? Korleis kan kunstnariske prosessar bidra til fellesskap, deltaking og nye erfaringar? Kva slags verdiar oppstår når teateret blir ein stad der ulike stemmer, kroppar og historier får verka inn på kvarandre?
Gjennom faglege innlegg, kunstnariske bidrag og samtalar samlar vi forskarar, kunstnarar og teaterutøvarar som arbeider med ulike former for samfunnsinvolverande teater. Vi skal innom dokumentarteater, aktivt og deltakarinvolverande teater, spørsmål om autonomi og kunstnarisk fridom, og teateret som performativ møteplass. Undervegs vender vi stadig tilbake til forteljinga: Kven får fortelja? Kven lyttar? Korleis blir historier til i fellesskap – og kva rolle kan teateret spela i desse prosessane?
Vi får bidrag frå Aarhus Universitet, Rogaland Teater, Elefantteateret/dybwikdans og Universitetet i Stavanger. Seminaret vert avslutta med open samtale og diskusjon.
Velkomen!
Arrangør: Universitetet i Stavanger ved Merete Jonvik og Ingvil Hellestrand.
Dørene åpner klokken 12.30.